Om Stryn Vinterski
På Stryn Vinterski tilbyr vi 4 skitrekk
1. Tautrekket er eit ca 90 m langt tautrekk som passar for dei aller minste.
2. Hovudtrekket er 1200 m lang t-krokheis, og tar deg frå 325 til 680 moh. Fra toppen har du 3 ulike trasèval.
3. Juniorheisen er ein tallerkenheis som er ca 300 meter lang. Lokalisert nede ved servicebygget. 

Hovedtrasèen går rett ned i same retning som heistrasèen. Vanskegrad raud – middels.

Nakkjen går slakt vestover frå toppen, rundt Nakkjen og hyttene på Bøanedsetra, og møter rundløypa i siste halvdel. Vanskegrad blå – lett.

Rundløypa startar ved første bakken i hovedtrasèen, går så slakt vestover gjennom hyttefeltet på Bøanedsetra, for så å svinge søraustover og ned mot varmestova. Siste del av løypa går rett bak det nye hyttefeltet. Vanskegrad blå – lett.

4. Steindalsheisen er ein 1400 m lang t-krok heis, og tek deg frå 657 til 1000 moh. Frå toppen har du 2 hovudnedfartar:
Vestsida går som navnet tilsier på vestsida av heisen, og i samme retning som heistrasèen, men i ein lite bue midt på. Vanskegrad raud – middels.
Steindalstrasèen går på austsida av heisen, men meir i retning rett ned mot startpunktet til heisen. Vanskegrad raud – middels.

Spektakulære nedfartar frå 1000 moh ned til 320 moh i snøsikkert område med storslått Nordfjordnatur. I umiddelbar nærleik kan du finne store vidslåtte områder med mengder av laussnø. All ferdsel her er på eige ansvar.

Andre fasilitetar
Kafe og varmestove
Afterski
Skiutleige
8 preparerte nedfartar
Park
Stor parkeringsplass
20 km preparerte langrennsløyper
Hovudsponsor


Våre samarbeidspartnarar